Om fondet

Norsk hardingfelefond AS

Norsk hardingfelefond AS




Norsk Hardingfelefond A/S er eit idealistisk selskap som har til føremål å fremme bruken av nasjonalinstrumentet,  hardingfela.


Målet er at det blir byggd gode hardingfeler som  skal delast ut til unge talent innan tradisjonsmusikken, men også innan andre musikksjangarar som klassisk- samtidsmusikk, jass og popmusikk.


Hardingfela er eit fantastisk instrument som vi er aleine om i verda, og som fortjener ein mykje større plass innan norsk musikkliv


Det er kanskje spesielt innan dei siste nemnde sjangarane det vil vera mest interessant for musikarar å eksperimentere med hardingfela sine mange stemmingsmåtar og spesielle klangbilde.


Hardingfela er opphaveleg  bygd som barokkinstrument, og vi ser det som viktig å ivareta barokkelementet i instrumentet, men også å kunne tilpasse instrumentet til den einskilde utøvaren sin spillestil og musikksjangar.

Det er derfor viktig at eit slik instrumentfond blir knytt direkte opp mot ein verkstad, som har fagkunskap og utdanning  frå dei etablerte fiolinmakerskulene, nettopp  med tanke på at instrumenta

skal kunne tilpassast til dei ulike musikararane og sjangarane. Ved ein slik verkstad vil felene også få kyndig  vedlikehald og ettersyn.


Alle som ynskjer det  kan søke om å få tildelt  instrument.


Utøvaren vil kunne disponere instrumentet gratis, som sitt eige instrument over lengere tid.

Gjerne så lenge som 20 -30 år, eller så lenge utøveren er aktiv og sjøl ønskjer å bruke instrumentet.

I motsetnad  til å få instrumentet til odel og eige, vil ei slik ordning medføre at instrument ikkje blir liggjande ubrukt. Ordninga vil også føre til at utøveren forpliktar seg til å ivareta instrumentet på beste måte, og at det  soleis kan koma fleire til glede og nytte.

Kandidatar vil bli utvald  av ein komite av nøkkelpersonar frå dei  ulike musikkmiljøa innan norsk musikkliv. (sjå under)

Norsk Hardingfelefond A/S vil ved hjelp frå utvalgskomiteens medlemmer og andre, fremme bruken av instrumentet på andre måtar også. Til eks. ved å inspirere til samspel mellom ulike sjangarar, og etter kvart syte  for at det blir komponert meir musikk for hardingfele.


Det er mangel på nylaga gode hardingfeler, men det finst ei rekkje felemakarar som ved noko støtte vil kunne laga gode feler. Hardingfela er  svært tidkrevjande  å bygge, og det seier seg sjøl at prisane blir høge. Det medfører at mange talentfulle ungdommar ikkje har økonomi til å skaffe seg det instrumentet dei fortjener. Difor er Hardingfelefondet nødvendig.


For at eit slikt idealistisk selskap skal kunne ha kontinuitet og kunne dele ut instrument kvart år , er det heilt avgjerande at det er basert på  langsiktige og seriøse samarbeidspartnarar og sponsorar.


    Femstrengers hardingfele 2013.

Utsnitt av hardingfelelokk.